Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Obadja 1:4-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Om du stig høgt som ørna,om du legg reiret ditt mellom stjerner,skal eg støyta deg ned derifrå,seier Herren.

5. Om tjuvar kom til deg,om røvarar kom om natta– det er ute med deg! –tok dei då berre det dei trong.Om drueplukkarar kom til deg,lèt dei då att ein etterhaust.

6. Men Esau blir gjennomsøkt,dei løynde skattane hans blir leita opp.

7. Alle du var i pakt med,driv deg av stad mot grensa.Alle du hadde fred med,svik deg og sigrar over deg.Dei som delte brød med deg,set feller for deg:«Det finst ikkje vit i han.»

8. Den dagen, seier Herren,skal eg utsletta dei vise i Edomog klokskapen på Esaus fjell.

Les hele kapitlet Obadja 1