Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Obadja 1:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Sjå ikkje på bror din med frydpå lagnadsdagen hans!Gled deg ikkje over folket i Judaden dagen dei går til grunne!Ver ikkje stor i munnenden dagen dei er i naud!

13. Gå ikkje inn gjennom porten til folket mittpå ulukkedagen deira!Sjå ikkje med glede, du òg,på det vonde som råka deipå ulukkedagen!Grip ikkje etter rikdomen deirapå ulukkedagen!

14. Still deg ikkje ved vegskiljafor å hogga ned flyktningane!Utlever ikkje dei overlevandeden dagen det er naud!

15. For Herrens dag er nærover alle folkeslag.Slik du har gjort,skal det gjerast mot deg.Dine gjerningar kjem attover ditt eige hovud.

16. Som de drakk på mitt heilage fjell,skal alle folkeslag alltid drikka,drikka og svelgjaog bli som om dei aldri hadde vore til.

17. Men på Sion-fjellet skal det finnast berging.Det skal vera heilagt.Jakobs hus skal driva ut dei som dreiv dei ut.

18. Jakobs hus skal vera ein eldog Josefs hus ein loge,og Esaus hus skal bli til halm.Dei skal brenna dei og fortæra dei,ikkje éin frå Esaus hus skal overleva. Herren har tala.

19. Negev skal ta Esaus fjell i eige,låglandet skal ta filistarlandet,dei skal ta Efraim-landet og Samaria-landet,og Benjamin skal ta Gilead i eige.

20. Dei bortførte, denne hæren av israelittar,skal ta det som tilhøyrde kanaanearane, heilt til Sarepta,og dei frå Jerusalem som er i eksil i Sefarad,skal ta byane i Negev.

21. Dei som er fria ut, skal gå opp på Sion-fjelletog dømma Esaus fjell.Og riket skal høyra Herren til.

Les hele kapitlet Obadja 1