Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Obadja 1:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Obadjas syn.Så seier Herren Gud om Edom:Ein bodskap har vi høyrt frå Herren,ein bodberar er send til folkeslaga:«Opp! Vi går til krig mot Edom!»

2. Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,djupt forakta skal du vera.

3. Ditt hovmodige hjarte har narra deg,du som bur i fjellkløfterog held til høgt der oppe.Du seier i hjartet:«Kven kan støyta meg til jorda?»

4. Om du stig høgt som ørna,om du legg reiret ditt mellom stjerner,skal eg støyta deg ned derifrå,seier Herren.

5. Om tjuvar kom til deg,om røvarar kom om natta– det er ute med deg! –tok dei då berre det dei trong.Om drueplukkarar kom til deg,lèt dei då att ein etterhaust.

6. Men Esau blir gjennomsøkt,dei løynde skattane hans blir leita opp.

7. Alle du var i pakt med,driv deg av stad mot grensa.Alle du hadde fred med,svik deg og sigrar over deg.Dei som delte brød med deg,set feller for deg:«Det finst ikkje vit i han.»

Les hele kapitlet Obadja 1