Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:4-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Og Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på levittane sitt podium og ropa med høg røyst til Herren sin Gud.

5. Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petahja:Stå opp, velsign Herren dykkar Gud,han som er frå æve til æve.Velsigna vere ditt herlege namn,som er høgare enn all lov og pris.

6. Du er Herren, du åleine.Du har skapt himmelen,himmel-himlane med heile hærskaren,jorda og alt som er på henne,havet og alt som er i det.Du gjev alle liv,himmelhæren tilbed deg.

7. Du er Herren Gudsom valde ut Abram,som førte han frå Ur i Kaldeaog gav han namnet Abraham.

8. Du fann at hans hjarte var trufast mot deg,og du gjorde ei pakt med han.Landet til kanaanearane,hetittane, amorittane, perisittane,jebusittane og girgasjittanelova du å gje etterkomarane hans.Og du heldt din lovnad,for du er rettferdig.

9. Du såg korleis fedrane vart plaga i Egypt,du høyrde deira skrik ved Sivsjøen.

10. Du gjorde teikn og undermed farao og tenarane hansog alt folket i landet.For du visste at dei handla i overmotmot fedrane våre.Du skapte deg eit namnsom varer til denne dag.

11. Du kløyvde sjøen framfor dei,og dei drog gjennom havetpå tørr grunn.Men dei som forfølgde dei,kasta du i djupetsom steini det veldige vatnet.

12. I ei skysøyle førte du dei om dagenog i ei eldsøyle om natta;ho lyste opp vegen dei skulle gå.

13. Du steig ned på Sinai-fjelletog tala til dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningar,sanne lover,gode forskrifter og bod.

14. Din heilage sabbat kunngjorde du,bod, forskrifter og lov gav du deigjennom Moses, tenaren din.

Les hele kapitlet Nehemja 9