Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:29-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Du åtvara dei,for du ville føra dei tilbake til di lov.Men dei var hovmodigeog høyrde ikkje på boda dine.Dei synda mot lovene dine,dei som gjev mennesket livnår det følgjer dei.Dei vende ryggen til i trass;dei var stivnakka og ville ikkje høyra.

30. Du heldt ut med dei i mange årog åtvara dei ved din Andegjennom profetane dine.Men dei ville ikkje lytta,så du gav dei i hendenepå folka omkring.

31. Men i di store miskunngjorde du ikkje ende på dei,og du forlét dei ikkje.For du er ein mild og nådig Gud.

32. Og no, vår Gud,du store, mektige og skremmande Gud,du som held pakta og gjer godt,sjå det ikkje som noko lite,desse harde tidene som har ramma oss,våre kongar og leiarar,våre prestar og profetar,våre fedrar og heile folket,frå assyrarkongane sine dagarog til denne dag.

33. Du var rettferdigi alt som kom over oss.For du har vist deg trufast,men vi har gjort urett.

34. Kongane og leiarane våre,prestane og fedranehandla ikkje etter di lov.Dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringane du gav dei.

35. Sjølv om du gav deieit eige rikeog alle dine gode gåver,sjølv om du gav deidet vide, fruktbare landet,så tente dei deg ikkjeog vende seg ikkje bortfrå vonde gjerningar.

36. Sjå, i dag er vi slavar,vi er slavar i landet du gav fedrane våreså dei skulle eta frukteneog alt det gode der.

37. Den rike avlingagår no til konganesom du har sett over osspå grunn av syndene våre.Dei herskar som dei vilover kroppane våre og buskapen vår.Vi er i stor naud.

38. På grunn av alt dette gjer vi ein avtale og skriv han ned. Det forsegla skrivet er underskrive av leiarane, levittane og prestane våre.

Les hele kapitlet Nehemja 9