Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:19-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.

20. Du gav dei din gode Andefor at dei skulle få visdom.Du nekta dei ikkje manna til matog gav dei vatn mot tørsten.

21. Du sørgde for dei i førti år,i ørkenen mangla dei ikkje noko.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene hovna ikkje opp.

22. Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få som grenser.Dei tok landet til Sihon, kongen i Hesjbon,og landet til Og, kongen i Basan.

23. Du gjorde borna deira talrikesom stjernene på himmelen.Du førte dei inn i det landetsom du hadde sagt at fedraneskulle koma og ta i eige.

24. Så kom borna og tok landet i eige.Du kua kanaanearane,dei som budde i landet.Og du gav kongane og folka i landeti deira hender,så dei kunne gjera med dei som dei ville.

25. Dei tok festningsbyar og fruktbar jordog tok velfylte hus i eige,utgravne brønnar og vinmarker,olivenlundar og frukttre i mengd.Dei åt og vart mette og feiteog naut dine gode gåver.

26. Men dei vart trassigeog sette seg opp mot deg;dei kasta di lov bak sin rygg.Dei drap profetane dinesom åtvara deiog ville føra dei tilbake til deg.Og dei spotta grovt.

Les hele kapitlet Nehemja 9