Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:17-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Dei nekta å høyraog hugsa ikkje dine undersom du hadde gjort for dei.Dei var stivnakkaog tok seg ein leiarfor å venda attende til slaveriet i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og du forlét dei ikkje.

18. Dei støypte seg jamvel ein kalvog sa: «Dette er din gudsom førte deg opp frå Egypt.»Og dei spotta grovt.

19. Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.

20. Du gav dei din gode Andefor at dei skulle få visdom.Du nekta dei ikkje manna til matog gav dei vatn mot tørsten.

21. Du sørgde for dei i førti år,i ørkenen mangla dei ikkje noko.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene hovna ikkje opp.

22. Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få som grenser.Dei tok landet til Sihon, kongen i Hesjbon,og landet til Og, kongen i Basan.

23. Du gjorde borna deira talrikesom stjernene på himmelen.Du førte dei inn i det landetsom du hadde sagt at fedraneskulle koma og ta i eige.

24. Så kom borna og tok landet i eige.Du kua kanaanearane,dei som budde i landet.Og du gav kongane og folka i landeti deira hender,så dei kunne gjera med dei som dei ville.

25. Dei tok festningsbyar og fruktbar jordog tok velfylte hus i eige,utgravne brønnar og vinmarker,olivenlundar og frukttre i mengd.Dei åt og vart mette og feiteog naut dine gode gåver.

26. Men dei vart trassigeog sette seg opp mot deg;dei kasta di lov bak sin rygg.Dei drap profetane dinesom åtvara deiog ville føra dei tilbake til deg.Og dei spotta grovt.

27. Då gav du dei i hendene på motstandararsom undertrykte dei.Men i trengselstidaropa dei til deg,og du høyrde dei frå himmelen.I di store miskunnsende du utfriararsom frelste dei frå fiendehand.

28. Men så snart dei hadde fått ro,gjorde dei igjendet som vondt var i dine auge.Du gav dei over i hendene på fiendarsom herska over dei.Dei ropa igjen til deg,og du høyrde det frå himmelenog berga dei gong på gongi di store miskunn.

29. Du åtvara dei,for du ville føra dei tilbake til di lov.Men dei var hovmodigeog høyrde ikkje på boda dine.Dei synda mot lovene dine,dei som gjev mennesket livnår det følgjer dei.Dei vende ryggen til i trass;dei var stivnakka og ville ikkje høyra.

30. Du heldt ut med dei i mange årog åtvara dei ved din Andegjennom profetane dine.Men dei ville ikkje lytta,så du gav dei i hendenepå folka omkring.

31. Men i di store miskunngjorde du ikkje ende på dei,og du forlét dei ikkje.For du er ein mild og nådig Gud.

32. Og no, vår Gud,du store, mektige og skremmande Gud,du som held pakta og gjer godt,sjå det ikkje som noko lite,desse harde tidene som har ramma oss,våre kongar og leiarar,våre prestar og profetar,våre fedrar og heile folket,frå assyrarkongane sine dagarog til denne dag.

33. Du var rettferdigi alt som kom over oss.For du har vist deg trufast,men vi har gjort urett.

34. Kongane og leiarane våre,prestane og fedranehandla ikkje etter di lov.Dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringane du gav dei.

35. Sjølv om du gav deieit eige rikeog alle dine gode gåver,sjølv om du gav deidet vide, fruktbare landet,så tente dei deg ikkjeog vende seg ikkje bortfrå vonde gjerningar.

36. Sjå, i dag er vi slavar,vi er slavar i landet du gav fedrane våreså dei skulle eta frukteneog alt det gode der.

Les hele kapitlet Nehemja 9