Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. I ei skysøyle førte du dei om dagenog i ei eldsøyle om natta;ho lyste opp vegen dei skulle gå.

13. Du steig ned på Sinai-fjelletog tala til dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningar,sanne lover,gode forskrifter og bod.

14. Din heilage sabbat kunngjorde du,bod, forskrifter og lov gav du deigjennom Moses, tenaren din.

15. Brød frå himmelen gav du deimot hungeren,og vatn lét du strøyma frå bergetmot tørsten.Du baud dei dra innog ta landet i eige,det som du med lyft handhadde lova dei.

16. Men dei var hovmodige og stivnakka,fedrane våre,dei høyrde ikkje på dine bod.

17. Dei nekta å høyraog hugsa ikkje dine undersom du hadde gjort for dei.Dei var stivnakkaog tok seg ein leiarfor å venda attende til slaveriet i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,sein til vreide og rik på miskunn,og du forlét dei ikkje.

18. Dei støypte seg jamvel ein kalvog sa: «Dette er din gudsom førte deg opp frå Egypt.»Og dei spotta grovt.

19. Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.

20. Du gav dei din gode Andefor at dei skulle få visdom.Du nekta dei ikkje manna til matog gav dei vatn mot tørsten.

21. Du sørgde for dei i førti år,i ørkenen mangla dei ikkje noko.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene hovna ikkje opp.

22. Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få som grenser.Dei tok landet til Sihon, kongen i Hesjbon,og landet til Og, kongen i Basan.

23. Du gjorde borna deira talrikesom stjernene på himmelen.Du førte dei inn i det landetsom du hadde sagt at fedraneskulle koma og ta i eige.

Les hele kapitlet Nehemja 9