Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 7:63-72 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

63. og etterkomarar av prestane: av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn.

64. Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta.

65. Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.

66. Heile forsamlinga var i alt 42 360.

67. I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 245 mannlege og kvinnelege songarar.

68. {{Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,}}

69. 435 kamelar og 6720 esel.

70. Nokre leiarar for familiar gav til arbeidet. Statthaldaren gav 1000 gulldrakmar, 50 offerskåler og 530 prestedrakter til arbeidsfondet.

71. Andre leiarar gav 20 000 gulldrakmar og 2200 sølvminer til fondet.

72. Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2000 sølvminer og 67 prestedrakter.

Les hele kapitlet Nehemja 7