Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 7:57-65 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

57. Etterkomarane av Salomos tenarar: av Sotai, Soferet, Perida,

58. Jaala, Darkon, Giddel,

59. Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Amon.

60. Tempeltenarane og etterkomarane av Salomos tenarar var i alt 392.

61. Dette er dei som drog tilbake frå Tel-Melah, Tel-Harsja, Kerub, Addon og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:

62. etterkomarar av Delaja, Tobia og Nekoda 642,

63. og etterkomarar av prestane: av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn.

64. Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta.

65. Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.

Les hele kapitlet Nehemja 7