Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 7:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då muren var bygd og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktene, songarane og levittane utnemnde.

2. Til å styra over Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og Hananja, leiaren for borga. For han var ein påliteleg mann og meir gudfryktig enn dei fleste.

3. Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola byrjar å verma, og medan dei enno står vakt, skal dørene stengjast og låsast. Set dei som bur i Jerusalem, til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»

4. Byen var vid og stor, men folket der var fåtalig, og husa var enno ikkje gjenreiste.

5. Min Gud la meg på hjartet å samla leiarane, stormennene og heile folket for å registrera dei. Eg fann då slektsregistra over dei som hadde drege opp tidlegare, og der stod det skrive:

6. Dette er mennene frå provinsen Juda som drog tilbake frå fangenskapet i eksil. Kong Nebukadnesar av Babel hadde ført dei dit, og no hadde dei vendt attende til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.

7. Dei kom saman med Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Raamja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Baana.Dette er talet på mennene frå Israelsfolket:

8. etterkomarar av Parosj 2172,

9. av Sjefatja 372,

10. av Arah 652,

11. av Pahat-Moab, altså av Josva og Joab, 2818,

12. av Elam 1254,

13. av Sattu 845,

14. av Sakkai 760,

15. av Binnui 648,

Les hele kapitlet Nehemja 7