Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 6:11-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Eg svara: «Skulle ein mann som eg rømma? Og skulle ein som eg gå inn i tempelet og framleis leva? Nei, eg går ikkje inn.»

12. For eg skjøna at det ikkje var Gud som hadde sendt han. Han tala profetord om meg fordi Tobia og Sanballat hadde betalt han.

13. Han hadde fått betaling for at eg skulle bli skremd til å gjera som han ville, og synda. Slik ville eg få eit dårleg namn og bli til spott.

14. Min Gud, hugs Tobia og Sanballat for det dei har gjort, og profetkvinna Noadja og dei andre profetane som ville skremma meg.

15. Muren var ferdig den tjuefemte dagen i månaden elul, etter femtito dagar.

16. Alle fiendane våre fekk høyra det, og alle folkeslaga omkring oss fekk sjå det. Då innsåg dei kva som hadde hendt, og skjøna at arbeidet var fullført med hjelp frå vår Gud.

17. På den tida sende òg leiarane i Juda mange brev til Tobia, og Tobia svara dei.

18. Mange i Juda var bundne til han gjennom eid, for han var svigerson til Sjekanja, son til Arah, og Johanan, son hans, hadde gift seg med dotter til Mesjullam, son til Berekja.

Les hele kapitlet Nehemja 6