Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 5:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Så riste eg ut brystfalden på kappa mi og sa: «Måtte Gud slik rista ut frå hus og eigedom den som ikkje held dette ordet, måtte han bli rista og tømd ut.» Heile forsamlinga sa «amen», og dei prisa Herren. Sidan gjorde folket det dei hadde lova.

14. Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i landet Juda, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, åt korkje eg eller mine folk statthaldaren sitt brød.

15. Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt ei stor bør på folket. Dei tok førti sjekel sølv om dagen til brød og vin. Også mennene deira var harde mot folket. Men eg gjorde ikkje slikt, for eg frykta Gud.

16. Eg var òg med i arbeidet på denne muren, sjølv om vi ikkje eigde jord, og alle mennene mine var samla til arbeid der.

17. 150 judearar og stormenn åt ved mitt bord, i tillegg til dei som kom til oss frå folkeslaga omkring oss.

18. Kvar dag fekk eg laga til ein okse, seks sauer av beste sort og fugl, og kvar tiande dag mykje god vin av alle slag. Likevel gjorde eg ikkje krav på statthaldaren sitt brød. For arbeidet kvilte tungt på dette folket.

Les hele kapitlet Nehemja 5