Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 5:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det steig eit klagerop frå folket og kvinnene mot dei judeiske brørne.

2. Somme sa: «Med sønene og døtrene våre er vi mange. Vi må ha korn så vi kan eta og leva.»

3. Andre sa: «Åkrane, vinmarkene og husa våre gjev vi i pant for å få korn mot svolten.»

4. Atter andre sa: «Vi låner pengar på åkrane og vinmarkene våre til skatt for kongen.

5. Vi er av same kjøt og blod som brørne våre, våre born er som deira born. Likevel må vi tvinga sønene og døtrene våre til slaveri. Ja, nokre av døtrene våre er alt slavar. Men vi er maktlause, for åkrane og vinmarkene våre høyrer andre til.»

6. Då eg høyrde klageropa og det dei fortalde, vart eg svært sint.

Les hele kapitlet Nehemja 5