Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 4:9-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Men vi bad til vår Gud og sette vakt på murane både dag og natt for å halda dei borte.

10. Då sa dei i Juda: «Dei som ber, har ikkje meir krefter. Det er for mykje grus. Vi maktar ikkje å byggja muren.»

11. Og motstandarane våre sa: «Før dei veit om det eller legg merke til det, skal vi vera blant dei, drepa dei og gjera slutt på arbeidet.»

12. Når judearane som budde nær dei, kom til oss, sa dei gong på gong: «Dei kjem imot oss frå alle kantar.»

13. Så lét eg folket stilla seg opp på dei lågaste stadene bak muren, på dei opne plassane. Eg lét dei stilla seg opp slekt for slekt med sverd, spyd og bogar.

14. Då eg hadde sett på dette, reiste eg meg og sa til dei fremste, stormennene og resten av folket: «Ver ikkje redde dei! Tenk på Herren, den store og skremmande, og kjemp for brør, søner og døtrer, kvinner og heimar!»

15. Fiendane våre fekk no høyra at vi kjende til planen deira, og at Gud hadde hindra han. Då vende vi alle attende til muren, kvar til sitt arbeid.

16. Frå den dagen arbeidde halvparten av dei unge mennene mine på muren, medan den andre halvparten stod med piler, skjold, bogar og brynjer. Leiarane stod bak heile Juda-folket

17. som bygde på muren. Berarane gjorde arbeidet sitt ved å bera med den eine handa og halda våpenet med den andre.

18. Kvar bygningsmann hadde sverdet fest ved hofta medan han bygde. Hornblåsaren stod ved sida av meg.

19. Då sa eg til dei fremste, stormennene og resten av folket: «Arbeidet er stort og vidt, og vi står spreidde på muren, langt frå kvarandre.

20. Om de høyrer lyden av hornet, skal de samla dykk omkring oss. Vår Gud vil kjempa for oss.»

21. Vi heldt fram med arbeidet, frå morgonròden viste seg til stjernene kom fram, medan halvparten stod med spyda sine.

22. Samstundes sa eg til folket: «Kvar mann og hans tenestefolk må vera over i Jerusalem så dei kan halda vakt om natta og arbeida om dagen.»

23. Sjølve kom vi aldri ut av kleda, korkje eg eller brørne mine, tenestefolka eller vaktmennene som følgde meg. Kvar mann hadde våpen i høgre hand.

Les hele kapitlet Nehemja 4