Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 3:7-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Jamsides dei arbeidde Melatja frå Gibeon, Jadon frå Meronot og menn frå Gibeon og Mispa, som var sete for statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat.

8. Jamsides dei arbeidde Ussiel, son til Harhaja, ein av gullsmedane, og jamsides han arbeidde Hananja, ein av salvemakarane. Dei bygde opp att Jerusalem heilt fram til Den breie muren.

9. Jamsides dei arbeidde Refaja, son til Hur. Han var leiar for halvparten av Jerusalem-området.

10. Jamsides dei arbeidde Jedaja, son til Harumaf, rett ved sitt eige hus, og jamsides han arbeidde Hattusj, son til Hasjabneja.

11. Omnstårnet og ein annan del av muren vart reparerte av Malkia, son til Harim, og av Hasjub, son til Pahat-Moab.

12. Jamsides han arbeidde Sjallum, son til Hallohesj, som var leiar for den andre halvparten av Jerusalem-området, og døtrene hans.

13. Dalporten vart reparert av Hanun og innbyggjarane i Sanoah. Dei bygde han opp att og sette inn dører med boltar og bommar. Dei reparerte òg tusen alner på muren heilt til Møkkporten.

14. Møkkporten vart reparert av Malkia, son til Rekab, leiaren for Bet-Hakkerem-området. Han bygde opp att porten og sette inn dører med boltar og bommar.

15. Sjallun, son til Kol-Hose, leiaren for Mispa-området, reparerte Kjeldeporten. Han bygde han opp att, la tak på han og sette inn dører med boltar og bommar. Han reparerte òg muren ved Sjelah-dammen, nær kongshagen, og bort til trappene ned frå Davidsbyen.

16. Deretter arbeidde Nehemja, son til Asbuk, som var leiar for halvparten av Bet-Sur-området. Han reparerte muren fram til Davids-gravene og til den kunstige dammen og krigarane sitt hus.

17. Etter han arbeidde levittane, Rehum, son til Bani, og ved sida av han arbeidde Hasjabja for sitt område. Han var leiar for halvparten av Ke'ila-området.

18. Etter dei arbeidde brørne deira, Bavvai, son til Henadad, leiaren for den andre halvparten av Ke'ila-området,

19. og jamsides han arbeidde Eser, son til Jesjua, leiaren for Mispa, på ein annan del rett imot oppgangen til våpenlageret i murvinkelen.

20. Etter han arbeidde Baruk, son til Sabbai, med stor iver på ein annan del, frå hjørnet og fram til inngangen til huset åt øvstepresten Eljasjib.

21. Etter han arbeidde Meremot, son til Uria, son til Hakkos, på ein annan del, frå inngangen til Eljasjibs hus og til enden av huset.

Les hele kapitlet Nehemja 3