Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 3:23-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Etter dei arbeidde Benjamin og Hasjub rett ved sine eigne hus. Etter han arbeidde Asarja, son til Maaseja, son til Ananja, attmed sitt eige hus.

24. Etter han arbeidde Binnui, son til Henadad, på ein annan del, frå Asarja sitt hus til murvinkelen og hjørnet.

25. Palal, son til Usai, arbeidde like ved hjørnet og det øvre tårnet som stikk fram frå kongeborga, det som høyrer til vaktgarden. Etter han arbeidde Pedaja, son til Parosj, og

26. tempeltenarane som budde på Ofel, heilt til eit punkt rett ved Vassporten i aust og tårnet som stakk fram.

27. Etter dei arbeidde mennene frå Tekoa på ein annan del, frå plassen framfor det store tårnet som stakk fram, og til Ofel-muren.

28. Ovanfor Hesteporten arbeidde prestane framfor kvart sitt hus.

29. Etter dei arbeidde Sadok, son til Immer, på den andre sida av huset sitt. Og etter han arbeidde Sjemaja, son til Sjekanja, som vakta Austporten.

30. Etter han arbeidde Hananja, son til Sjelemja, og Hanun, den sjette sonen til Salaf, på ein annan del. Etter han arbeidde Mesjullam, son til Berekja, framfor sitt eige rom.

Les hele kapitlet Nehemja 3