Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 3:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Øvstepresten Eljasjib og brørne hans, prestane, gjekk i gang med å byggja Saueporten. Dei helga han og sette inn dørene. Deretter helga dei muren heilt til Hundretårnet og Hananel-tårnet.

2. Jamsides dei bygde mennene frå Jeriko, og jamsides dei bygde Sakkur, son til Imri.

3. Fiskeporten vart bygd av etterkomarane til Senaa. Dei tømra han opp og sette inn dører med boltar og bommar.

4. Jamsides dei arbeidde Meremot, son til Uria, son til Hakkos, og jamsides dei Mesjullam, son til Berekja, son til Mesjesabel, og jamsides dei Sadok, son til Baana.

5. Jamsides dei arbeidde mennene frå Tekoa, men dei fremste blant dei ville ikkje bøya nakken i arbeid for herrane sine.

6. Gamleporten vart reparert av Jojada, son til Paseah, og av Mesjullam, son til Besodja. Dei tømra han opp og sette inn dører med boltar og bommar.

7. Jamsides dei arbeidde Melatja frå Gibeon, Jadon frå Meronot og menn frå Gibeon og Mispa, som var sete for statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat.

8. Jamsides dei arbeidde Ussiel, son til Harhaja, ein av gullsmedane, og jamsides han arbeidde Hananja, ein av salvemakarane. Dei bygde opp att Jerusalem heilt fram til Den breie muren.

9. Jamsides dei arbeidde Refaja, son til Hur. Han var leiar for halvparten av Jerusalem-området.

10. Jamsides dei arbeidde Jedaja, son til Harumaf, rett ved sitt eige hus, og jamsides han arbeidde Hattusj, son til Hasjabneja.

Les hele kapitlet Nehemja 3