Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 2:12-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. tok eg ut om natta saman med nokre få menn. Eg hadde ikkje fortalt noko menneske kva min Gud hadde lagt meg på hjartet å gjera for Jerusalem. Eg hadde ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.

13. Eg drog ut gjennom Dalporten om natta, forbi Drakekjelda og til Møkkporten. Eg inspiserte Jerusalems murar, som var nedbrotne, og portane som var herja av eld.

14. Eg drog vidare til Kjeldeporten og Kongedammen, men der var det ikkje plass nok til at dyret som eg reid på, kunne koma forbi.

15. Eg heldt fram opp gjennom dalen om natta og inspiserte muren. Deretter snudde eg og kom tilbake gjennom Dalporten.

16. Stormennene visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg hadde gjort. Heilt til då hadde eg ikkje fortalt det til judearane, verken til prestane, dei fremste, stormennene eller dei andre som skulle gjera arbeidet.

17. Men no sa eg til dei: «De ser kor ille vi har det her. Jerusalem ligg i ruinar, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger må leva i vanære.»

18. Eg fortalde dei òg korleis Gud heldt si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Lat oss gå i gang med å byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket.

19. Då horonitten Sanballat, ammonitten Tobia, tenestemannen, og arabaren Gesjem høyrde dette, spotta og hånte dei oss. Dei sa: «Kva er det de held på med? Gjer de opprør mot kongen?»

20. Eg svara dei: «Himmelens Gud vil la oss lukkast. Vi, tenarane hans, skal gå i gang med å byggja. Men de har ingen del, ingen rett og inga historie i Jerusalem.»

Les hele kapitlet Nehemja 2