Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 2:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var i månaden nisan i det tjuande året til kong Artaxerxes. Eg tok vinen som stod framfor kongen, og gav han. Han hadde aldri før sett meg nedtrykt.

2. Kongen sa til meg: «Kvifor ser du så nedtrykt ut? Du er då ikkje sjuk? Dette kan ikkje vera anna enn hjartesorg.» Eg vart svært redd

3. og sa til kongen: «Lenge leve kongen! Skulle eg ikkje sjå nedtrykt ut når byen der fedrane mine er gravlagde, ligg aud og portane er herja av eld?»

4. Kongen sa til meg: «Kva ønskjer du?» Eg bad til himmelens Gud.

5. Så sa eg til kongen: «Om kongen finn det for godt og han synest godt om tenaren sin, så send meg til Juda, til byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.»

6. Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han: «Kor lenge kjem reisa di til å vara, og når kjem du att?» Kongen godtok tida eg nemnde, og sende meg av stad.

7. Eg sa til han: «Om kongen finn det for godt, så send med meg brev til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom til eg kjem til Juda,

8. og også eit brev til Asaf, vaktaren for kongens parkar, slik at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane i tempelborga, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen gjorde dette, for min Gud heldt si gode hand over meg.

9. Eg kom til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat og gav dei breva frå kongen. Kongen hadde sendt med meg hærførarar og ryttarar.

10. Horonitten Sanballat og ammonitten Tobia, tenestemannen, fekk høyra dette. Dei tok det ille opp at det hadde kome ein mann som ville israelittane vel.

11. Så kom eg til Jerusalem. Då eg hadde vore der i tre dagar,

Les hele kapitlet Nehemja 2