Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 13:17-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då refsa eg dei fremste blant judearane og sa til dei: «Kva er dette vonde som de gjer? De vanhelgar sabbaten!

18. Var det ikkje fordi fedrane gjorde slikt at vår Gud førte alt dette vonde over oss og denne byen? De aukar vreiden mot Israel når de vanhelgar sabbaten!»

19. Då det tok til å mørkna i Jerusalems portar før sabbaten, sa eg at dørene skulle stengjast, og at dei ikkje skulle opnast att før sabbaten var over. Eg sette òg nokre av mennene mine ved portane, slik at inga last kunne koma inn på sabbatsdagen.

20. Ein eller to gonger hende det at kjøpmenn og folk som handla med alle slags varer, overnatta utanfor Jerusalem.

21. Eg åtvara dei og sa: «Kvifor overnattar de ved muren? Gjer de det ein gong til, legg eg hand på dykk.» Etter den tid kom dei ikkje meir dit på sabbaten.

22. Sidan sa eg at levittane skulle reinsa seg og koma og halda vakt ved portane, så sabbatsdagen kunne haldast heilag. Kom meg òg i hug for dette, min Gud, og skån meg i di store miskunn!

23. I dei dagane såg eg òg at nokre judearar hadde teke til seg kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab.

24. Halvparten av borna deira snakka språket i Asjdod eller språket til dei andre folka. Dei kunne ikkje snakka judeisk.

25. Eg refsa mennene og forbanna dei. Somme av dei slo eg, og eg reiv dei i håret. Så lét eg dei sverja ved Gud. Eg sa: «De skal ikkje gje døtrene dykkar til sønene deira, og ikkje ta døtrene deira til koner for sønene dykkar eller for dykk sjølve.

26. Var det ikkje på grunn av slikt at Salomo, Israels konge, synda? Mellom dei mange folkeslaga fanst det ingen konge som han. Han var elska av sin Gud, og Gud sette han til konge over heile Israel. Likevel fekk dei framande kvinnene han til å synda.

27. Skal ein no høyra om dykk òg at de gjer så mykje vondt og er trulause mot vår Gud ved å ta til dykk framande kvinner?»

28. Ein av sønene til Jojada, son til øvstepresten Eljasjib, var svigerson til horonitten Sanballat. Difor jaga eg han bort.

29. Hugs dei, min Gud, for dei har sølt til presteskapet og preste- og levittpakta.

Les hele kapitlet Nehemja 13