Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 12:38-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Det andre takkekoret gjekk motsett veg, og eg følgde etter saman med halvparten av folket oppe på muren, forbi Omnstårnet og heilt til Den breie muren,

39. forbi Efraim-porten, Gamleporten, Fiskeporten, Hananel-tårnet og Hundretårnet, til Saueporten. Dei stansa ved Vaktporten.

40. Begge takkekora vart ståande ved Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av stormennene med meg,

41. vidare prestane Eljakim, Maaseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetar,

42. Maaseja, Sjemaja, Elasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Songarane stemde i under leiing av Jisrahja.

43. Dei bar fram store offer den dagen, og dei var glade, for Gud hadde gjeve dei ei stor glede. Kvinnene og borna var òg glade. Jerusalems glede kunne høyrast langt borte.

44. På den dagen vart menn utpeika til å ha tilsyn med dei romma som var lager for gåvene, førstegrøda og tienda, det som etter lova vart samla frå bymarkene for prestane og levittane. Gleda i Juda var stor fordi prestane og levittane var i teneste igjen.

45. Dei hadde ansvar for tenesta for sin Gud og for reinsinga. Songarane og portvaktene gjorde si gjerning, slik David og Salomo, son hans, hadde gjeve bod om.

46. For alt i David og Asaf sine dagar, for lenge sidan, var det nokre som leidde songarane, lovsongen og takka til Gud.

Les hele kapitlet Nehemja 12