Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 10:24-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Hallohesj, Pilha, Sjobek,

25. Rehum, Hasjabna, Maaseja,

26. Ahia, Hanan, Anan,

27. Malluk, Harim og Baana.

28. Resten av folket – prestane, levittane, portvaktene, songarane, tempeltenarane og alle dei som hadde skilt seg frå folka i landområda omkring for å halda seg til Guds lov, saman med kvinnene, sønene og døtrene deira, alle som var i stand til å skjøna

29. – alle slutta seg til sine fremste landsmenn og gjekk inn under eiden dei hadde svore om å følgja Guds lov som var gjeven ved Moses, Guds tenar. Dei ville halda alle boda frå Herren vår Gud, forskriftene og lovene hans, og leva etter dei:

30. Vi lovar at vi ikkje skal gje døtrene våre til folka i landet omkring og ikkje ta døtrene deira til koner for sønene våre.

31. Når folka i landet kjem med varer eller korn av alle slag for å selja på sabbaten, skal vi ikkje kjøpa av dei, verken på sabbaten eller på andre heilage dagar. Kvart sjuande år skal vi la jorda liggja brakk og ettergje all gjeld.

32. Vi tek på oss den plikta at vi kvart år skal gje ein tredjedels sjekel til tenesta i vår Guds hus,

33. til skodebrødet, det daglege grødeofferet og brennofferet, til offera på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, til heilaggåvene og syndoffera til soning for Israel, og til alt arbeid som skal gjerast i vår Guds hus.

34. Vi, prestane, levittane og folket, skal kasta lodd om korleis vedofferet skal førast til vår Guds hus. Kvar familie skal, til fastsette tider kvart år, skaffa brensel til altaret for Herren vår Gud, slik det står skrive i lova.

Les hele kapitlet Nehemja 10