Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Bodskap om Ninive. Boka med syna til Nahum frå Elkosj.

Herrens makt og miskunn

2. Herren er ein nidkjær Gud som tek hemn. Herren tek hemn og er full av harme. Herren tek hemn over motstandarane,han held fast på vreiden mot fiendane.

3. Herren er sein til vreide,makta hans er stor. Herren lèt ikkje vera å straffa.Hans veg går gjennom kvervelvind og storm,skyer er støvet under føtene hans.

4. Han trugar havet og legg det tørt,alle elvar tørkar han ut.No visnar Basan og Karmel,Libanons blomeprakt visnar bort.

5. Fjella skjelv for han,høgdene smeltar.Jorda vik bort for hans andlet,verda og alle som bur der.

6. Kven kan stå seg for harmen hans,kven held ut den brennande vreiden?Raseriet hans strøymer fram som eld.Framfor han blir knausane knuste.

7. Herren er god,eit vern på trengselsdagen.Han tek seg av deisom søkjer tilflukt hos han.

8. Men med ei veldig flodbølgjeknuser han staden der ho låg.Han jagar fiendane sine inn i mørkret.

9. Kvifor legg de planar mot Herren?Han skal knusa dykk heilt.Nauda skal ikkje koma ein gong til.

10. Lik tornekratt som er fletta saman,lik drankarar som er drukne,blir dei fortærtesom knusktørr halm.

Ninive og Juda

11. Frå deg gjekk det utein som tenkte ut vondt mot Herren,ein vondsinna rådgjevar.

12. Så seier Herren:Om dei er aldri så sterke og mange,skal dei likevel hoggast ned og bli borte.Om eg har plaga deg, Juda,skal eg ikkje plaga deg lenger.

13. For no bryt eg åket og tek det av deg,lenkjene dine riv eg av.

14. Men om deg har Herren gjeve bodat inga etterslekt skal bera namnet ditt.Eg vil rydda ut or gudshuset dittbåde utskorne og støypte gudebilete.Eg gjer i stand ei grav til deg,for du er verdlaus.