Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 7:11-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Ein dag skal murane dine byggjast opp,den dagen skal grensene vidast ut.

12. Den dagen skal dei koma til degfrå Assur og Egypt,frå Egypt og Eufrat,frå hav til hav og frå fjell til fjell.

13. Og jorda skal bli til øydemark,det er dei som bur der si skuld.Det er frukt av gjerningane deira.

14. Gjet ditt folk med staven din.Sauene du eig,ligg åleine i villmarka,midt i det fruktbare landet.Lat dei beita i Basan og Gileadslik som i gamle dagar.

15. Eg vil visa han underverksom den gongen du drog ut frå Egypt.

16. Folka skal sjå det og skamma seg,endå så mektige dei er.Dei skal leggja handa på munnen,og øyra deira skal bli døve.

17. Dei skal slikka støv som ormen,lik dei som kryp på jorda!Frå sine skjul skal dei komaskjelvande fram for Herren vår Gud.Dei skal gripast av redsle og frykt for deg.

18. Kven er ein Gud som du,ein som tek bort skuld og tilgjev syndfor den resten han eig?Han held ikkje evig fast på vreiden,for han vil gjerne visa miskunn.

19. Herren skal igjenvisa miskunn mot ossog trø vår skuld under fot.Du skal kasta alle syndene vårened i havsens djup.

20. Du vil visa truskap mot Jakobog miskunn mot Abraham,slik du med eid lovafedrane våre i dei eldgamle dagane.

Les hele kapitlet Mika 7