Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 7:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ve meg! Det er som når frukta er plukkaog vinhausten er over:ikkje ei drue å eta,ikkje ein fiken eg har lyst på.

2. Dei trugne er borte frå landet,det finst ingen rettvis blant folk.Alle ligg på lur etter blod,kvar ein vil fanga sin neste i garnet.

3. Hendene er gode til å gjera vondt.Hovdingen krev inn,dommaren vil ha betaling,storkaren seier kva han vil ha,og slik snur dei om på alt.

4. Den beste av dei er som ein klungerbusk,den ærlegaste verre enn eit klungerkratt.Vaktmennenes dag er komen, rekneskapsdagen.No er forvirringa der.

5. Tru ikkje på ein kjenning,stol ikkje på ein ven!For henne som ligg i famnen din,må du vakta din munns dører!

6. For ein son vanvørder far sin,ei dotter set seg opp mot mor si,ei svigerdotter mot svigermor si,ein manns husfolk er fiendane hans.

7. Men eg vil skoda etter Herren,venta på Gud, min frelsar.Min Gud vil høyra meg!

8. Gled deg ikkje over meg, min fiende!For om eg fell, skal eg reisa meg att.Sit eg i mørkret, er Herren lys for meg.

9. Herrens vreide må eg berafordi eg har synda mot han,inntil han fører mi sakog skaffar meg rett.Han skal føra meg ut i lyset,og eg skal sjå hans rettferd.

10. Fienden min skal sjå det,og skam skal dekkjahenne som sa til meg:«Kvar er Herren din Gud?»No blir ho trakka nedsom søle i gatenemedan auga mine ser på.

11. Ein dag skal murane dine byggjast opp,den dagen skal grensene vidast ut.

12. Den dagen skal dei koma til degfrå Assur og Egypt,frå Egypt og Eufrat,frå hav til hav og frå fjell til fjell.

13. Og jorda skal bli til øydemark,det er dei som bur der si skuld.Det er frukt av gjerningane deira.

Les hele kapitlet Mika 7