Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 6:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Herrens røyst ropar til byen,og det er visdom å frykta ditt namn.Høyr, du stamme og forsamling!

10. Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdigeog eit forfalska, forbanna efa-mål?

11. Kan eg vera reinmed urett vektog falske vektlodd i pungen?

12. Dei rike i byen øver vald,innbyggjarane der fer med løgn,ei svikefull tunge har dei i munnen.

13. Så skal då eg òg byrja å slå deg,øydeleggja deg for dine synder.

14. Du skal eta og ikkje bli mett,tom skal du kjenna deg.Den du tek til side, kan du likevel ikkje berga,og den du bergar, gjev eg til sverdet.

15. Du skal så, men ikkje hausta,pressa oliven, men ikkje salva deg med olje,pressa druer, men ikkje drikka ny vin.

16. Du har halde Omris forskrifterog handla som Ahabs hus.Etter deira råd har de vandra.Difor skal eg overgje deg til øydeleggingog innbyggjarane dine til spott.Vanæra til folket mitt må de bera.

Les hele kapitlet Mika 6