Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 6:3-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Mitt folk, kva har eg gjort deg?Kva har eg trøytta deg med?Svar meg!

4. For eg førte deg opp frå Egyptog fria deg ut frå slavehuset.Eg sende Moses, Aron og Mirjami spissen for deg.

5. Mitt folk, hugsplanane kong Balak av Moab hadde,og svaret han fekk av Bileam, son til Beor,på vegen frå Sjittim til Gilgal,så du kan skjøna Herrens frelsesgjerningar.

6. Kva skal eg koma fram for Herren mednår eg bøyer meg for Gud i det høge?Skal eg koma til han med brennoffer,med årsgamle kalvar?

7. Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar,titusenvis av oljebekker?Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot,mi livsfrukt for mi sjels synd?

8. Han har kunngjort for deg, menneske,kva godt er.Og kva krev Herren av deg?Berre at du gjer rett,viser trufast kjærleikog vandrar audmjukt med din Gud.

9. Herrens røyst ropar til byen,og det er visdom å frykta ditt namn.Høyr, du stamme og forsamling!

10. Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdigeog eit forfalska, forbanna efa-mål?

11. Kan eg vera reinmed urett vektog falske vektlodd i pungen?

12. Dei rike i byen øver vald,innbyggjarane der fer med løgn,ei svikefull tunge har dei i munnen.

13. Så skal då eg òg byrja å slå deg,øydeleggja deg for dine synder.

Les hele kapitlet Mika 6