Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 3:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. De talar harde ord mot meg, seier Herren.Og likevel seier de:«Kva er det vi har sagt mot deg?»

14. De seier: «Det er nyttelaust å tena Gud.Kva tener vi påå retta oss etter det han har fastsett,og gå sørgjande fram for Herren over hærskarane?

15. No vil vi prisa dei frekke sæle.Sjølv om dei gjer urett, går det dei vel,dei set Gud på prøve og slepp likevel unna.»

16. Dei som fryktar Herren, tala då saman,og Herren lydde etter og høyrde kva dei sa.Hos han vart det skrive ei minnebokom dei som fryktar Herren og ærar hans namn.

17. Den dagen eg grip inn,seier Herren over hærskarane,skal dei vera min kostelege eigedom,og eg vil vera mild mot dei,liksom ein mann er mildmot ein son som tener han.

18. Då skal de atter sjå skilnadpå rettferdige og urettferdige,på dei som tener Gud,og dei som ikkje tener han.

Les hele kapitlet Malaki 3