Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 1:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Når de ber fram eit blindt dyr til offer,er ikkje det gale?Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt,er ikkje det gale?Kva om du kom med slikt til statthaldaren din?Trur du han då set pris på degog tek venleg imot deg?seier Herren over hærskarane.

9. Og no, be om velvilje for Guds andletså han viser oss nåde.Men når det kjem slikt frå dykkar hand,kan han då ta venleg imot deg?seier Herren over hærskarane.

10. Om berre nokon av dykkville stengja tempeldøreneså de ikkje til fånyttes kveikjer eld på mitt altar!Eg har inga glede av dykk,seier Herren over hærskarane,eg set ikkje pris på offerfrå dykkar hand.

11. Frå der sol står opp til der sol går ned,er mitt namn stort mellom folkeslaga.Alle stader blir det tent offereldog bore fram reine offer i mitt namn.For namnet mitt er stort mellom folkeslaga,seier Herren over hærskarane.

12. Men de vanhelgar detnår de seier at Herrens bord er uverdig,at maten på det er forakteleg frukt.

13. De seier: «For eit strev!»og blæs av det, seier Herren over hærskarane.De kjem med dyr som er røva,og med dyr som er halte eller sjuke,når de kjem med offer.Skulle eg setja pris på noko slikt frå dykkar hand? seier Herren.

14. Forbanna er den som fer med svik,som har eit hanndyr i buskapenog lovar å gje det til Herren,men i staden ofrar eit dyr som er skadd.For eg er ein stor konge,seier Herren over hærskarane,namnet mitt er frykta mellom folkeslaga.

Les hele kapitlet Malaki 1