Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 1:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein bodskap. Herrens ord til Israel gjennom Malaki.

2. «Eg elskar dykk», seier Herren.Men de seier:«Korleis elskar du oss?»«Var ikkje Esau bror til Jakob?»seier Herren.«Eg elska Jakob,

3. men Esau hadde eg uvilje mot.Eg gjorde fjella hans til ei audn,eigedomen til ein ørken for sjakalar.»

4. Edom seier: «Vi er knuste,men byggjer ruinane opp att.»Men så seier Herren over hærskarane:«Dei byggjer opp, men eg riv ned.Dei skal kallast landet av urett,folket som Herren er harm på for alltid.»

5. De skal sjå det med eigne auge,og de skal seia: «Herren er stor,ut over Israels grenser.»

6. Ein son heidrar far sin,ein slave herren sin.Er eg far, kvar er då min heider,er eg herre, kvar er ærefrykt for meg?seier Herren over hærskaranetil dykk prestar, de som viser forakt for mitt namn.De seier: «Korleis har vi vistforakt for namnet ditt?»

7. De ber fram uverdig mat på altaret mitt.De seier: «På kva måtehar vi handla uverdig mot deg?»Ved å seia: «Herrens bord kan vi visa forakt.»

8. Når de ber fram eit blindt dyr til offer,er ikkje det gale?Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt,er ikkje det gale?Kva om du kom med slikt til statthaldaren din?Trur du han då set pris på degog tek venleg imot deg?seier Herren over hærskarane.

9. Og no, be om velvilje for Guds andletså han viser oss nåde.Men når det kjem slikt frå dykkar hand,kan han då ta venleg imot deg?seier Herren over hærskarane.

Les hele kapitlet Malaki 1