Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 5:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Vi har rett ut handa til Egyptog til Assur for å få brød.

7. Fedrane våre synda; dei er borte,vi har bore straffa.

8. Slavar har vorte herrane våre,ingen riv oss ut av hendene deira.

9. Vi hentar brød med fare for livet,i ørkenen trugar sverdet.

10. Huda vår er heit som ein omnav svolten som brenn.

11. Dei valdtek kvinnene i Sionog jomfruene i Judas byar.

12. Dei hengjer stormenn,ærar ikkje dei eldste.

13. Unge menn lyt slita med kverna,gutar sig under vedbøra.

14. Dei gamle sit ikkje lenger i porten,dei unge har slutta å syngja.

15. Vi har ikkje lenger glede i hjartet,dansen er omsnudd til sorg.

16. Kransen har falle av hovudet.Ve oss, vi har synda!

17. Hjartet har vorte sjukt,auga har vorte dimme.

18. For Sion-fjellet ligg audt,revar streifar omkring der.

19. Du, Herre, tronar til evig tid,din kongsstol står frå slekt til slekt.

Les hele kapitlet Klagesongane 5