Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 5:13-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Unge menn lyt slita med kverna,gutar sig under vedbøra.

14. Dei gamle sit ikkje lenger i porten,dei unge har slutta å syngja.

15. Vi har ikkje lenger glede i hjartet,dansen er omsnudd til sorg.

16. Kransen har falle av hovudet.Ve oss, vi har synda!

17. Hjartet har vorte sjukt,auga har vorte dimme.

18. For Sion-fjellet ligg audt,revar streifar omkring der.

19. Du, Herre, tronar til evig tid,din kongsstol står frå slekt til slekt.

20. Kvifor har du gløymt oss for alltid,gått frå oss for alle tider?

21. Herre, før oss tilbake til deg, så vi kan venda attende.Gjer dagane våre nye, slik dei var før!

22. Men du har vraka oss,du er rasande.

Les hele kapitlet Klagesongane 5