Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 4:13-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Det hende fordi profetane syndaog prestane førte skuld over seg.Dei lét blodet av rettferdigerenna i byen.Nun נ

14. Blinde flakkar dei om i gatene,tilsølte med blod,ingen kan rørakleda deira.Samek ס

15. «Av vegen! Urein!» ropar folk til dei.«Av vegen! Ikkje rør!»Dei rømmer og vildrar omkring.Alle folkeslag seier: «Dei får ikkje bu her.»Pe פ

16. Herren sjølv har spreidd dei,han vil ikkje sjå dei lenger.Dei vørde ikkje prestaneog var ikkje nådige mot dei gamle.Ajin ע

17. Vi held ut, auga blir såre,vi ser fåfengt etter hjelp.Vi har stått på vakt og speidaetter eit folk som ikkje kunne hjelpa.Tsade צ

18. Dei vakta kvart steg vi tok,vi kunne ikkje gå på gatene våre.Enden var nær, vår tid var ute,ja, enden var komen.Qof ק

19. Dei som jaga oss, var snarareenn ørnane under himmelen.Over fjella forfølgde dei oss,i ørkenen låg dei og lurte på oss.Resj ר

20. Herrens salva, vår pust,vart fanga i gravene deira.Det var om han vi sa:«I hans skugge skal vi leva mellom folka.»Sjin ש

21. Fryd og gled deg, dotter Edom,du som bur i landet Us.Men begeret kjem til deg òg,du skal bli full og kle deg naken.Taw ת

22. Di skuld er betalt, dotter Sion,aldri meir vil han føra deg bort.Men di skuld, dotter Edom, straffar han deg for,dine synder viser han fram.

Les hele kapitlet Klagesongane 4