Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 3:18-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Eg sa: Mi ære har gått tapt,eg har inga von til Herren.Zajin ז

19. Tenk på mi naud og heimløyse.Dei er malurt og gift.

20. Eg tenkjer på det heile tida,mi sjel er nedtrykt.

21. Men éin ting legg eg meg på hjartet,og dette gjev meg von:Het ח

22. Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.Hans miskunn tek ikkje slutt,

23. ho er ny kvar morgon.Din truskap er stor.

24. Eg seier: Herren er min del,eg set mi von til han.Tet ט

25. Herren er god mot deisom ventar på han og søkjer han.

26. Det er godt å vera stilleog venta på hjelp frå Herren.

27. Det er godt for ein mannå bera åk medan han er ung.Jod י

28. Når det blir lagt på han,skal han sitja einsam og teia,

29. leggja munnen i støvet,kanskje er det von.

Les hele kapitlet Klagesongane 3