Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 2:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Portane har sokke i jorda.Bommane har han brote sund.Konge og stormenn er i framandt land.Det finst inga lov,sjølv ikkje profetanefår syn frå Herren.Jod י

10. Dei eldste i Sionsit tause på jorda.Dei har kasta støv på hovudet,kledd seg i sekkestrie.Jentene i Jerusalembøyer hovudet mot jorda.Kaf כ

11. Auga er såre av gråt,magen er uroleg,gallen er helt ut på jorda.Folket, mi dotter, er knust,småborn og spedborn forgårpå gatene i byen.Lamed ל

12. Dei spør mødrene sine:«Kvar er brød og vin?»Dei sig om som var dei sårapå gatene i byen,livet ebbar utpå mors fang.Mem מ

13. Kva skal eg seia til deg,kva liknar du, dotter Jerusalem?Kva skal eg likna deg med, dotter Sion,for å trøysta deg, unge jente?Skaden din er stor som havet,kven kan lækja deg?Nun נ

14. Det profetane dine såg,var berre løgn og blendverk.Dei viste deg ikkje di skuld,vende ikkje din lagnad.Bodskapen deira kom fråfalske, forførande syn.Samek ס

15. Alle som går forbi deg,slår hendene saman,dei plystrar og rister på hovudetav dotter Jerusalem.Var det om denne byen folk sa:Fullkomen i venleik, ei glede for heile jorda?Pe פ

16. Alle fiendargapar mot deg.Dei plystrar hånleg og skjer tenner.Dei seier: Vi har slukt henne.Dette er dagen vi venta på;endeleg fekk vi sjå han!Ajin ע

17. Herren har gjort som han tenkte,han har oppfylt ordet sitt,det han har kunngjort frå gammal tid.Han reiv ned utan skånsel,lét din motstandar gleda segog lyfte hornet til fienden.Tsade צ

Les hele kapitlet Klagesongane 2