Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 2:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. I brennande vreide hogg han avkvart horn i Israel.Han heldt høgre handa tilbakedå fienden kom.I Jakob brann han som ein flammande eldsom øydde alt omkring seg.Dalet ד

4. Som fienden spente han bogen,stod klar med si høgre hand,som motstandaren drap hanalt som gav auget glede.Han auste harme ut som eldover teltet til dotter Sion.He ה

5. Herren vart ein fiende.Han slukte Israel,slukte alle borgene,gjorde ende på festninganeog dunga dotter Juda nedmed sorg og sut.Waw ו

6. Han raserte si hyttesom ein snøyer ein hage,gjorde ende på høgtidsstaden. Herren lèt høgtid og sabbat bli gløymde i Sion.I harme og vreide har hanforakta konge og prest.Zajin ז

7. Herren støytte sitt altar bort,vraka sin heilagdom.Borgmurane i byengav han i fiendens hender.Dei ropa høgt i Herrens hussom på ein høgtidsdag.Het ח

8. Herren sette seg føreå øydeleggja muren rundt dotter Sion.Han strekte målesnora og reiv ned,lét ikkje handa liggja.Slik lét han voll og mur sørgja.Begge fall.Tet ט

Les hele kapitlet Klagesongane 2