Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 2:13-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Kva skal eg seia til deg,kva liknar du, dotter Jerusalem?Kva skal eg likna deg med, dotter Sion,for å trøysta deg, unge jente?Skaden din er stor som havet,kven kan lækja deg?Nun נ

14. Det profetane dine såg,var berre løgn og blendverk.Dei viste deg ikkje di skuld,vende ikkje din lagnad.Bodskapen deira kom fråfalske, forførande syn.Samek ס

15. Alle som går forbi deg,slår hendene saman,dei plystrar og rister på hovudetav dotter Jerusalem.Var det om denne byen folk sa:Fullkomen i venleik, ei glede for heile jorda?Pe פ

16. Alle fiendargapar mot deg.Dei plystrar hånleg og skjer tenner.Dei seier: Vi har slukt henne.Dette er dagen vi venta på;endeleg fekk vi sjå han!Ajin ע

17. Herren har gjort som han tenkte,han har oppfylt ordet sitt,det han har kunngjort frå gammal tid.Han reiv ned utan skånsel,lét din motstandar gleda segog lyfte hornet til fienden.Tsade צ

18. Hjartet ropar til Herren.Lat tårene renna som bekker,du mur rundt dotter Sion,både dag og natt!Unn deg ikkje kvile,lat ikkje auget få ro!Qof ק

19. Stå opp, rop høgt om natta,rop ved kvar nattevakt.Aus hjartet ditt ut som vatnfor Herrens andlet.Lyft hendene til hanfor livet til småborna dine,som forgår av svoltpå alle gatehjørne.Resj ר

Les hele kapitlet Klagesongane 2