Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 2:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I vreide dekkjer Herrendotter Sion med mørke skyer!Han har kasta Israels prydnadfrå himmelen ned på jorda.Sin fotskammel kom han ikkje i hugpå sin vreidedag.Bet ב

2. Herren slukte beitemarkene i Jakob,han sparte ingen av dei.I sinne reiv han nedkvar festning hos dotter Juda,jamna dei med jorda,vanæra riket og hovdingane.Gimel ג

3. I brennande vreide hogg han avkvart horn i Israel.Han heldt høgre handa tilbakedå fienden kom.I Jakob brann han som ein flammande eldsom øydde alt omkring seg.Dalet ד

4. Som fienden spente han bogen,stod klar med si høgre hand,som motstandaren drap hanalt som gav auget glede.Han auste harme ut som eldover teltet til dotter Sion.He ה

5. Herren vart ein fiende.Han slukte Israel,slukte alle borgene,gjorde ende på festninganeog dunga dotter Juda nedmed sorg og sut.Waw ו

6. Han raserte si hyttesom ein snøyer ein hage,gjorde ende på høgtidsstaden. Herren lèt høgtid og sabbat bli gløymde i Sion.I harme og vreide har hanforakta konge og prest.Zajin ז

Les hele kapitlet Klagesongane 2