Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 1:16-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Difor græt eg,tårene strøymer frå auga.Den som kan trøysta og berga mitt liv,er langt borte frå meg.Borna mine ligg forlatne,fienden var for sterk.Pe פ

17. Sion rette ut hendene,ingen trøysta henne. Herren gav påbod om Jakob,fienden omringa han.Då vart Jerusalemurein for dei.Tsade צ

18. Herren er rettferdig.Eg hadde trassa det han sa.Høyr då på meg, alle folk,sjå kor eg lid!Unge jenter og gutarmåtte gå i fangenskap.Qof ק

19. Eg ropa på elskarane mine,dei sveik meg.Prestane mine og dei eldstedøydde i byen.Dei leita etter matså dei kunne berga livet.Resj ר

20. Sjå, Herre, eg er i naud.Magen er uroleg,hjartet vrid seg.For eg var full av trass.Ute har sverd gjort meg barnlaus,inne rår døden.Sjin ש

21. Dei høyrer at eg sukkar,ingen trøystar meg.Alle fiendar høyrer om mi ulukke og gleder seg.Men det var du som stod bak.Dagen du ropa ut, lét du koma.Men det skal gå med dei som med meg.Taw ת

Les hele kapitlet Klagesongane 1