Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 9:9-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Hevittane svara: «Tenarane dine er komne frå eit land langt borte fordi det går ord om Herren din Gud. Vi har høyrt det som blir sagt om han, om alt det han gjorde i Egypt,

10. og alt det han gjorde med dei to amorittkongane på den andre sida av Jordan, Sihon, kongen i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot.

11. Difor sa dei eldste iblant oss og alle som bur i landet vårt: Ta med dykk niste på vegen, gå dei til møtes og sei til dei: Vi er tenarane dykkar. Gjer no ei pakt med oss!

12. Her er brødet vårt, som var varmt då vi tok det med heimanfrå den dagen vi drog av stad for å møta dykk. Men sjå no kor tørt og smuldra det har vorte!

13. Her er vinsekkene våre, som var nye då vi fylte dei. Men sjå, no er dei sprokne. Og her ser de kleda og skorne våre, utslitne etter den lange reisa.»

14. Mennene tok og smaka på nista deira, men dei spurde ikkje Herren til råds.

15. Josva slutta fred og gjorde ei pakt med dei om at dei skulle få leva, og leiarane i forsamlinga stadfeste dette med eid.

16. Tre dagar etter at israelittane hadde gjort pakt med dei, fekk dei høyra at dei var grannar og budde midt iblant dei.

17. Israelittane braut då opp, og den tredje dagen kom dei til byane deira. Byane var Gibeon, Kefira, Beerot og Kirjat-Jearim.

18. Men israelittane slo dei ikkje i hel, sidan leiarane i forsamlinga hadde svore ved Herren, Israels Gud. Då klaga heile forsamlinga til leiarane.

19. Men leiarane sa til forsamlinga: «Vi har svore ved Herren, Israels Gud, så no kan vi ikkje leggja hand på dei.

20. Men slik gjer vi med dei: Vi lèt dei få leva, så vi ikkje blir råka av vreide på grunn av eiden vi har svore.»

21. Leiarane sa: «Dei skal få leva.» Og dei vart vedhoggarar og vassberarar for heile forsamlinga, slik leiarane sa til dei.

22. Josva kalla mennene frå Gibeon til seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte når de bur iblant oss?

Les hele kapitlet Josva 9