Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 9:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Men då innbyggjarane i Gibeon høyrde kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai,

4. greip dei til list dei òg. Dei gjekk av stad for å proviantera, og på esla sine la dei utslitne kløvsekker og lappa, sprokne og utslitne vinsekker.

5. Dei hadde utslitne og lappa skor på føtene og fillete klede på kroppen, og alt nistebrødet deira var tørt og smuldra.

6. Så drog dei til Josva i leiren ved Gilgal og sa til han og israelittane: «Vi kjem frå eit land langt borte. Gjer no ei pakt med oss!»

7. Israelittane sa til hevittane: «De bur kanskje her midt iblant oss. Korleis kan vi då gjera pakt med dykk?»

8. Dei sa til Josva: «Vi er tenarane dine.» Josva spurde: «Kven er de, og kvar kjem de frå?»

9. Hevittane svara: «Tenarane dine er komne frå eit land langt borte fordi det går ord om Herren din Gud. Vi har høyrt det som blir sagt om han, om alt det han gjorde i Egypt,

10. og alt det han gjorde med dei to amorittkongane på den andre sida av Jordan, Sihon, kongen i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot.

Les hele kapitlet Josva 9