Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 9:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Men leiarane sa til forsamlinga: «Vi har svore ved Herren, Israels Gud, så no kan vi ikkje leggja hand på dei.

20. Men slik gjer vi med dei: Vi lèt dei få leva, så vi ikkje blir råka av vreide på grunn av eiden vi har svore.»

21. Leiarane sa: «Dei skal få leva.» Og dei vart vedhoggarar og vassberarar for heile forsamlinga, slik leiarane sa til dei.

22. Josva kalla mennene frå Gibeon til seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte når de bur iblant oss?

23. No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal sleppa å vera slavar. De skal hogga ved og bera vatn til huset til min Gud.»

24. Då svara dei Josva: «Det hadde vorte kunngjort klårt og tydeleg for tenarane dine at Herren din Gud hadde gjeve tenaren sin Moses påbod om å gje dykk heile landet, og for dykkar skuld rydda ut alle som bur der. Då vart vi redde for at de skulle drepa oss. Difor gjorde vi som vi gjorde.

25. Men no er vi i di hand. Gjer med oss som du finn rett i dine auge.»

26. Josva gjorde då slik at han redda dei frå israelittane, så dei ikkje vart drepne.

27. Og same dagen sette Josva dei til å hogga ved og bera vatn til forsamlinga og til Herrens altar, og det gjer dei den dag i dag på den staden som Herren har valt ut.

Les hele kapitlet Josva 9