Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 8:7-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. Herren dykkar Gud vil overgje han i dykkar hender.

8. Når de har teke byen, skal de setja han i brann. Gjer som Herren har sagt. Sjå, dette byd eg dykk.»

9. Så sende Josva dei av stad, og dei gjekk og la seg i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai. Den natta var Josva saman med hæren.

10. Neste morgon stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel i brodden for hæren opp mot Ai.

11. Heile hæren som var med han, rykte fram til dei kom så nær at dei hadde byen rett framfor seg. Dei slo leir nord for Ai, med ein dal mellom seg og byen.

12. Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai.

13. Hæren stilte seg opp med ei avdeling nord for byen og ei i bakhald vest for byen. Den natta gjekk Josva ned i dalen.

14. Då kongen i Ai såg dette, rykte mennene i byen raskt ut for å møta israelittane i strid tidleg om morgonen. Kongen og heile hæren hans drog ut til samlingsplassen rett imot Araba-sletta. Han visste ikkje at det låg folk i bakhald på den andre sida av byen.

15. Josva og heile Israel lét som om dei vart slegne, og rømde føre dei mot ørkenen.

16. Alt mannskapet i byen var kalla ut for å forfølgja dei. Dei sette etter Josva og vart lokka bort frå byen.

17. Ikkje éin mann vart att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfølgde Israel.

18. Då sa Herren til Josva: «Rett sabelen du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette sabelen han hadde i handa, ut mot byen.

19. I det same han rette handa ut, kom dei raskt fram frå gøymestaden sin, dei som låg i bakhald, og storma inn i byen. Dei tok byen og sette han straks i brann.

20. Då mennene frå Ai snudde seg, fekk dei sjå røyken frå byen stiga opp mot himmelen. Men dei hadde ingen stad å rømma, korkje hit eller dit, for hæren som hadde rømt ut i ørkenen, vende seg no mot forfølgjarane.

21. Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at det steig røyk opp frå han, snudde dei og gjekk til åtak på mennene frå Ai.

Les hele kapitlet Josva 8