Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 8:28-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Josva brende Ai og lét han liggja som ein ruinhaug for alle tider, ein aud stad slik han er den dag i dag.

29. Kongen i Ai hengde han opp på ein trepåle og lét han hanga der til kvelds. Då sola gladde, baud Josva dei å ta liket ned frå trepålen. Dei slengde liket midt framfor byporten, og over liket la dei opp ei stor steinrøys, som ligg der den dag i dag.

30. På den tid bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet,

31. slik Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, slik det står skrive i lovboka til Moses: eit altar av heile steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. På dette la dei brennoffer for Herren og slakta fredsoffer.

32. På steinane gjorde Josva ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive framfor auga til israelittane.

33. Heile Israel, både innflyttarar og fødde israelittar, stod saman med dei eldste blant folket, tilsynsmenn og dommarar på begge sider av kista, midt imot levittprestane som bar Herrens paktkiste. Halvparten stod vend mot Garisim-fjellet og halvparten mot Ebal-fjellet, slik Moses, Herrens tenar, ein gong hadde sagt at det skulle vera når velsigninga vart lyst over Israel.

34. Deretter las Josva opp alt som stod i lova, både velsigninga og forbanninga, nett slik som det står skrive i lovboka.

35. Ikkje eitt ord av alt det som Moses hadde sagt føre, utelét Josva då han las det opp for heile Israels forsamling og for kvinnene, borna og dei innflyttarane som budde iblant dei.

Les hele kapitlet Josva 8