Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 8:19-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. I det same han rette handa ut, kom dei raskt fram frå gøymestaden sin, dei som låg i bakhald, og storma inn i byen. Dei tok byen og sette han straks i brann.

20. Då mennene frå Ai snudde seg, fekk dei sjå røyken frå byen stiga opp mot himmelen. Men dei hadde ingen stad å rømma, korkje hit eller dit, for hæren som hadde rømt ut i ørkenen, vende seg no mot forfølgjarane.

21. Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at det steig røyk opp frå han, snudde dei og gjekk til åtak på mennene frå Ai.

22. Dei andre rykte ut mot dei frå byen. Dei var omringa av israelittar, både frå den eine og frå den andre kanten. Dei hogg dei ned slik at ingen overlevde eller slapp unna.

23. Men kongen i Ai vart fanga levande, og dei førte han til Josva.

24. Då israelittane hadde drepe alle innbyggjarane i Ai ute på sletta i ørkenen, dit dei hadde følgt etter dei, og alle som ein hadde falle for sverd, vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var att der.

25. Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai.

26. Josva tok ikkje til seg den utstrekte handa med sabelen før han hadde slege alle innbyggjarane i Ai med bann.

27. Men feet og det dei hadde plyndra til seg i byen, tok israelittane med som hærfang, slik Herren hadde bode Josva.

28. Josva brende Ai og lét han liggja som ein ruinhaug for alle tider, ein aud stad slik han er den dag i dag.

29. Kongen i Ai hengde han opp på ein trepåle og lét han hanga der til kvelds. Då sola gladde, baud Josva dei å ta liket ned frå trepålen. Dei slengde liket midt framfor byporten, og over liket la dei opp ei stor steinrøys, som ligg der den dag i dag.

30. På den tid bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet,

31. slik Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, slik det står skrive i lovboka til Moses: eit altar av heile steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. På dette la dei brennoffer for Herren og slakta fredsoffer.

32. På steinane gjorde Josva ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive framfor auga til israelittane.

33. Heile Israel, både innflyttarar og fødde israelittar, stod saman med dei eldste blant folket, tilsynsmenn og dommarar på begge sider av kista, midt imot levittprestane som bar Herrens paktkiste. Halvparten stod vend mot Garisim-fjellet og halvparten mot Ebal-fjellet, slik Moses, Herrens tenar, ein gong hadde sagt at det skulle vera når velsigninga vart lyst over Israel.

34. Deretter las Josva opp alt som stod i lova, både velsigninga og forbanninga, nett slik som det står skrive i lovboka.

Les hele kapitlet Josva 8