Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 8:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd og mist ikkje motet! Ta med deg heile hæren og gjer deg klar til å dra opp mot Ai. Sjå, eg gjev kongen i Ai og folket og byen og landet hans i dine hender.

2. Gjer det same med Ai og kongen der som du gjorde med Jeriko og kongen der, men hærfanget og feet kan de ha. Legg deg no i bakhald på den andre sida av byen!»

3. Josva og heile hæren gjorde seg klare til å dra opp mot Ai. Han valde ut tretti tusen mann, modige krigarar, og sende dei av stad om natta.

4. Dette baud han dei å gjera: «Legg dykk i bakhald på den andre sida av byen, ikkje langt ifrå han, og hald dykk budde, alle saman.

5. Så skal eg og alt folket som er med meg, nærma oss byen. Når dei rykkjer ut mot oss, slik dei gjorde første gongen, skal vi rømma for dei.

6. Då vil dei koma etter oss slik at vi får lokka dei bort frå byen. For dei tenkjer vel at vi rømmer for dei slik som vi gjorde første gongen. Og medan vi rømmer,

Les hele kapitlet Josva 8