Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 7:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Han lét då slektene i Juda stiga fram, og Serah-slekta vart teken ut. Så lét han Serah-slekta stiga fram, familie for familie, og Sabdis familie vart teken ut.

18. Til slutt lét han Sabdis familie stiga fram, mann for mann, og Akan vart teken ut. Han var son til Karmi, son til Sabdi, son til Serah av Juda-stammen.

19. Då sa Josva til Akan: «Son min, gjev Herren, Israels Gud, ære, og takk han! Fortel meg kva du har gjort, og gøym ikkje noko for meg.»

20. Akan svara: «Det er sant, eg har synda mot Herren, Israels Gud. Dette har eg gjort:

21. Blant hærfanget såg eg ei dyr kappe frå Sjinar, to hundre sjekel sølv og ein gullbarre på femti sjekel. Eg fekk lyst på dette og tok det. No ligg det gøymt i jorda under teltet mitt; sølvet ligg underst.»

22. Då sende Josva nokre menn av stad, og dei sprang bort til teltet. Byttet var gøymt i teltet, og sølvet låg underst.

23. Dei tok det med seg frå teltet og bar det til Josva og alle israelittane og tømde det ut framfor Herrens andlet.

24. Josva og heile Israel tok Akan, Serahs son, saman med sølvet, kappa og gullbarren, med søner og døtrer, storfe, esel og småfe, teltet og alt han eigde, og dei førte det opp til Akor-dalen.

Les hele kapitlet Josva 7