Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 7:10-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då sa Herren til Josva: «Reis deg opp! Kvifor ligg du slik med andletet mot jorda?

11. Israel har synda! Dei har brote den pakta eg baud dei å halda, dei har teke av det bannlyste godset, dei har stole det og gøymt det bort innimellom sine eigne ting.

12. Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane. Dei må snu ryggen til dei og rømma fordi dei sjølve har vorte slegne med bann. Eg vil ikkje vera med dykk dersom de ikkje øydelegg det bannlyste godset som finst hos dykk.

13. Reis deg og gjer folket reint og heilagt! Du skal seia: Helga dykk til i morgon! For så seier Herren, Israels Gud: Du har bannlyst gods hos deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det bannlyste godset.

14. I morgon tidleg skal de stiga fram, stamme for stamme. Den stammen som Herren tek ut, skal stiga fram, slekt for slekt. Den slekta som Herren tek ut, skal stiga fram, familie for familie. Og den familien Herren tek ut, skal stiga fram, mann for mann.

15. Den som blir teken med bannlyst gods, skal brennast med eld, han og alt som høyrer han til. For han har brote Herrens pakt og gjort ei skammeleg gjerning i Israel.»

16. Neste morgon stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, stamme for stamme. Og Juda-stammen vart teken ut.

17. Han lét då slektene i Juda stiga fram, og Serah-slekta vart teken ut. Så lét han Serah-slekta stiga fram, familie for familie, og Sabdis familie vart teken ut.

18. Til slutt lét han Sabdis familie stiga fram, mann for mann, og Akan vart teken ut. Han var son til Karmi, son til Sabdi, son til Serah av Juda-stammen.

19. Då sa Josva til Akan: «Son min, gjev Herren, Israels Gud, ære, og takk han! Fortel meg kva du har gjort, og gøym ikkje noko for meg.»

20. Akan svara: «Det er sant, eg har synda mot Herren, Israels Gud. Dette har eg gjort:

21. Blant hærfanget såg eg ei dyr kappe frå Sjinar, to hundre sjekel sølv og ein gullbarre på femti sjekel. Eg fekk lyst på dette og tok det. No ligg det gøymt i jorda under teltet mitt; sølvet ligg underst.»

22. Då sende Josva nokre menn av stad, og dei sprang bort til teltet. Byttet var gøymt i teltet, og sølvet låg underst.

Les hele kapitlet Josva 7