Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 6:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Då Josva hadde tala til folket, gjekk dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, framfor Herren og bles i horna, medan Herrens paktkiste følgde etter dei.

9. Krigarane gjekk føre prestane som bles i horna, og baktroppen følgde etter kista. Dei gjekk, og horna ljoma.

10. Josva hadde bode folket: «Rop ikkje krigsrop, gjev ikkje lyd frå dykk og la ikkje eit ord koma frå munnen dykkar før den dagen eg seier at de skal ropa! Då skal de gjera det.»

11. Så lét han Herrens paktkiste bli ført éin gong rundt byen. Sidan gjekk dei tilbake til leiren og overnatta der.

12. Neste morgon stod Josva tidleg opp, og prestane lyfte opp Herrens kiste.

13. Dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, gjekk framfor Herrens kiste og bles i horna heile tida. Krigarane gjekk føre dei, baktroppen følgde etter Herrens kiste, og horna ljoma heile tida.

14. Dei gjekk éin gong rundt byen denne andre dagen og vende så attende til leiren. Dette gjorde dei i seks dagar.

Les hele kapitlet Josva 6